Fritz Røed skulpturpark

Informasjon om alle skulpturane i Fritz Røed skulpturpark

Fritz Røed skulpturpark

Rogaland 4340, Norway

Created By: Time kommune

Tour Information

Fritz Røed skulpturpark ligg langs Bryneåna ("Kongo") i sentrum av Bryne og vart opna 1. oktober 2004.

Parken inneheld ti skulpturar med stor spennvidde i stil og storleik, alle laga av kunstnaren Fritz Røed. Her er humor, alvor, leik og ettertanke. Livsglede i det enkle og det kraftfulle, og stort rom for meiningar og tolkingar.

Skulpturane lever saman med parken, med lyset, vêret og årstidene, og er ein unik attraksjon kvar einaste dag.

Livsglede er melodien som tek deg gjennom Fritz Røed Skulpturpark. Ei glad vise der det eine verset tek det andre i handa og leier deg avslappa inn i tema som fridom, omsorg, fryd, fred, mot og håp.

Etter nyopninga av parken i juni 2018 innheld parken nå også leikeapparat for barn, fontenar, fleire benkar, bord og sitjeplassar. Parken er universelt utforma.


Tour Map

Loading Tour

 

What You'll See on the Tour

Fritz Røed skulpturpark ligg langs Bryneåna ("Kongo") i sentrum av Bryne og vart opna 1. oktober 2004. Parken er realisert ved hjelp frå lokalt næringsliv, kunstnaren og Rogaland fylkeskommune. "Watermusic" er eitt av hovudverka til Rø... Read more
I høve Garborgjubileet i 2001 vart det teke initiativ til at kommunen skulle reisa ein statue av den store diktaren (1851 - 1924) i Bryne sentrum. Prosjektet vart støtta økonomisk av Time Sparebank og Time Mållag. Oppdraget med å laga ... Read more
Lita søndagsprinsesse - den vesle jenta i finstasen –- er eit symbol på uskulda. Vonleg vil ho fanga interessa til borna, som likar å sjå skulpturar  av born.
Fanfare – det dristige, mytologiske kentaurspranget inn i eventyret, men òg inn i livet– fylgjer dei mjuke linene i parken.  Fritz Røed skulpturpark er ein idé og ei gåve frå bilethoggaren Fritz Røed. Tankane om parken vart prese... Read more
5
Den opne handa – symbolet på den omsorga som vert vist alt levande i parken – og ein honnør til dei som står bak, i første rekke fugleentusiasten Arvid Øglænd, Røed sin mangeårige venn på Bryne.
6
Fred – monumental skulptur av ei ung kvinne i klassisk positur – er tenkt som eit bilete på harmonien med  rytmen til elva som flyt gjennom parken.
Memento – hugs  – skal minna oss om å vakta om freden og dei viktige verdiane våre. Også døden må  me hugsa –  memento  mori. Fører tanken til nasjonalmonumentet Sverd i fjell i Hafrsfjord.
Gjøglargruppe. Karnevalet opphevar tida for ei stund. Då er alltid  gjøglarane der for å spreia glede og humør. Dei overlever det meste, og dreg stadig til nye stader. Dei minner oss om gleda som ber livet vidare – men òg om alvore... Read more

 

Leave a Comment

 


 

Download the App

Download the PocketSights Tour Guide mobile app to take this self-guided tour on your GPS-enabled mobile device.

iOS Tour Guide Android Tour Guide

 


 

Updates and Corrections

Please send change requests to changerequest@pocketsights.com.